- Kva er di hjartesak? - Menneskeverd, med distriktspolitikk som ein god nummer to.

- Kva var det som gjorde at du ville engasjere degpolitisk?- Ei lokal skulesak vippa meg inn i kommunepolitikken, og abortsaka gjorde atKrF vart partiet.

- Kor lenge har du vore med i politikken? - På ulike arenaer sidan 1982

- Korleis bruker du sosiale media i valkampen?- Eg er på Facebook og Twitter, og eg bloggar

- Fortel om den beste sommaren du har hatt. - Har ikkje ein spesiell sommar å dra fram. I barndommen var jo alt flott,bortsett frå at når ein er oppvaksen på gard så vart det mykje jobbing. Ikkjekjekt når venner gjekk på stranda og eg måtte hesje. Eg bur framleis på gard,og det gjer at somrane stort sett blir heime. Kjekt å kome vekk på småferieturar, men Brosvik er ei perle på jord. Eg har fått sansen for å gå fråhytte til hytte i fjellet, så kanskje det er draumeferien?

- Og korleis var din verste sommar?- Stort sett er eg ikkje vêrsjuk. Men berre regn og 10 grader – det er kjipt.