Johan Ottesen er ute med ei ny bok. Denne gongen tek han for seg gardsnamn på matrikkelgardane frå Flø til Eiksund.

Ottesen fortel at gjennom åra har det vore lansert mange tolkingar på gardsnamna i Ulstein.

I denne boka presenterer Ottesen både tidlegare tolkingar og eigne synspunkt på namna.Han legg til at somme av namna er lette å forstå, medan andre er langt vanskelegare - ja, kanskje umogeleg å tyde.

BOK: Gardsnamn i Ulstein er ei ny bok frå Johan Ottesen.

Gardsnamnet Ulstein er det til dømes fleire meiningar om. Mange har meint at det kan knytast til gudenamnet Ull. Andre peikar på dyrenamnet ulv. Dimna meiner nokon er henta frå irsk språk, og betyr ei totoppa øy. Men kanskje det heller kjem av eit norrønt ord som tyder dim, altså uklår, undrar Johan Ottesen.

Boka er gjeve ut av Fotoarkivet 2016.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no