Arne Sandnes har i ei årrekkje vore ein profilert Sp-politikar, mellom anna som tidlegare ordførar i Norddal. Men ein månad før stortingsvalet vurderer han å melde seg ut av partiet. – Eg tel på knappane. Og eg kan ikkje drive valkamp for Sp slik saka står no, seier Sandnes. Ikkje truverdig Han hadde tenkt å vere på banen for Sp framover i valkampen, men no vil det vere umogleg for han å kjempe for partiet. – Då vil eg ikkje stå fram som truverdig, seier han. Sandnes er ein av grunneigarane i Reinheimen nasjonalpark og nestleiar i kontaktutvalet for nasjonalparken. Kommunane her har lenge kjempa for å behalde ein lokal forvaltningsmodell som dei meiner fungerer godt. No legg regjeringa opp til ein modell som Sandnes meiner ikkje viser tillit til lokaldemokratiet. – Det blir framstilt som ein siger for lokal forvaltning, men det er det motsette. Dette er ein hån mot oss på bygdene, meiner Sandnes som er både skuffa og sjokkert over regjeringa og ikkje minst Senterpartiet i denne saka. Gissel Likevel håpar han i det lengste at partiet snur. – Sp er blitt gissel i eit sosialistisk storprosjekt. Det som no er lagt opp til, er ikkje Sp-politikk. Eg trur partiet er blitt skvisa i denne saka, seier han. Sandnes meiner partiet no har trakka over "den raude streken". – Viss Sp ikkje set ned foten i denne saka, bør partiet heller ikkje vere med i regjeringa, meiner Sandnes. Grunnfjellet Sandnes meiner saka bryt med sjølve grunnfjellet i Senterpartiet, som forsvarar for folkestyre og lokaldemokrati. – Viss Sp forlet denne skansen utan å reise bust, då representerer ikkje partiet lenger dei verdiane som har gjort at eg har valt Sp, seier han og legg til at det strid mot hans tankar at staten skal styre meir og folk mindre. Mange mot Regjeringa meiner det no blir lagt opp til lokal forvaltning i verneområda, men møter sterk motstand i fleire nasjonalparkkommunar. Ifølgje avisa Nationen er også fleire andre sentrale Sp-politikarar kritiske til eige parti i denne saka. Og Sandnes viser til at 80 kommunar har gått mot regjeringa sitt forslag til styringsmodell. – Og då må Sp forstå at dei har vore med på noko dei ikkje kan stå for, meiner han. Grunneigarar Over halvparten av Reinheimen er eigd av private. Og Sandnes er kraftig provosert over at grunneigarane ikkje får vere med i områdestyra. – Derimot skal fylkeskommunane vere med. Det må dei gjerne, men ikkje på kostnad av grunneigarane, seier Sandnes som tvilar på at Senterpartiet har teke inn over seg kva dette vil bety. – Det osar av mistillit til lokalt nivå. Det er ei alvorleg tillitskrise mellom regjeringa og distrikta, seier han. Opnar Breheimen I morgon skal Breheimen nasjonalpark opnast, på Sota seter i Skjåk. I tillegg til statsminister Jens Stoltenberg, kjem statsrådane Kristin Halvorsen, Liv Signe Navarsete, Heidi Grande Røys og Erik Solheim. Arne Sandnes ser ingen grunn til å feire og skal ikkje vere med på festen. – Og eg oppmodar også andre om å la vere å stille opp, seier han.