Biskop Rosemarie Köhn er overvelda over den støtte som ho opplevde å få frå folk i bygda under besøket i helga. - Det har vore ei utruleg god og innhaldsrik oppleving. Gudstenesta vart ei så god oppleving som det kunne bli, sa Rosemarie Köhn. Strengt vakthaldFor det var alt anna enn ei vanleg gudsteneste ein var vitne til i Hareid kyrkje i går. Bakgrunnen var at ein mann fredag føremiddag ringte til Hamar bispedømekontor og blant anna trua med å dynke biskopen i raudmåling. Klokka halv elleve søndag vart biskop Rosemarie Köhn frakta i bil frå Hareid hotell til kyrkja, der to sivile politimenn heldt vakt medan biskopen gjekk inn døra på baksida. Under heile gudstenesta var dørene stengde. Og etter at gudstenesta var over ville Köhn ut og treffe folket under kyrkjekaffien. Men då sa politiet nei.- Eg går alltid ut for å snakke med folket for å avslutte gudstenesta på ein skikkeleg måte. Det fekk eg altså ikkje høve til denne gongen, og det er sørgjeleg. Men politiet tok dette alvorleg og skal ha all ære for måten dei løyste denne oppgåva på, seier Köhn til Sunnmørsposten.- Korleis handterte du sjølv denne trusselen mot deg?- Det er klart det gir eit sug i magen. For du veit aldri kva som kan skje når det først får retta ein slik trussel mot deg, seier Köhn.Fekk ikkje snakkeBiskopen hadde også ynskje om å få seie nokre ord i gudstenesta. Men det var for lengst bestemt at det ikkje skulle vere slik.- Det hadde vore hyggjeleg å få seie nokre ord. Eg hadde så lyst å seie noko om dåpen. Og slik sett vart gudstenesta litt kunstig. Men på same tid må eg få seie at det var godt å berre vere gjest, for ein gongs skuld, smiler Köhn.Rart av MøgsterAt Michal Møgster ikkje møtte til gudsteneste denne dagen synest ho var sørgjeleg.- Eg synest nok at han burde møte fram og støtte kyrkjelyden sin på ein slik dag. Men når ein har teke ei avgjerd så må ein stå for det ein har sagt. Og dette er ei avgjerd som han tek, seier Rosemarie Köhn.- Er det noko du kunne gjort annleis i denne striden?- Det er det umogleg å vite. Men her og no kan ikkje sjå at eg kunne gjort noko annleis. Eg har prøvd å spele med opne kort heile tida, seier Rosemarie Köhn.