(Sunnmøringen) – Det gjeld å ikkje bevege seg i skredfarleg område. Nordvende sider er verst akkurat no, la han til.

– Følg anbefalingane

Ved Stova trefte vi på tre av dei andre frivillige i det lokale hjelpekorpset, Linda Ludvigsen, Åshild Bogstad Stenberg og Emte Tafjord Ringstad.

På spørsmål om kva ein burde vere ekstra obs på denne påska, nemnde også dei faren for snøskred.

På Strandafjellet heng det oppdaterte skredvarsel ved brua over vegen, skipatruljebygget, Stova og dei to paviljongane, Roalden og Furset, opplyste skisenteret på ein plakat.

Frivillige på Strandafjellet: F.v.: Linda Ludvigsen, Åshild Bogstad Stenberg og Emte Tafjord Ringstad.

Sperra E39

Søndag gjekk det eit stort snøskred over E39 ved Hornindalsvatnet.

Dette førte til at europavegen var stengt fram til mandag ettermiddag.

– Hald avstand til bratt terreng

Same dag skreiv VG at skredvarselet er på eit betydeleg nivå over nesten heile landet og at norske snøskredekspertar er nervøse før påska.

– Mange stader er situasjonen i snøen slik at du kan kome til å fjernutløyse skred. Det vil seie at sjølv om du går nede i dalbotnen kan du sette i gang ein dominoeffekt i snøen som fører til at snøskred losnar høgt oppe i lia – kanskje ein kilometer unna. Og slike skred kan bli store og få stor fart, og nå langt utover botnen av dalen, sa vaktleiar Tommy Skårholmen ved snøskredvarslinga i NVE til avisa laurdag.

Han la til at ein framleis kan gå på mange flotte turar, men at ein må vere ekstra forsiktig når det kjem til val av løype.

Rykka ut til E39

Møre og Romsdal Røde Kors sin informasjonssentral melder om middels utfart i fylket søndag. Dei har registrert ei skade, på Ørskogfjellet skriv Romsdals Budstikke, og skredgruppa i Volda og Ørsta var i dag tidleg på oppdrag på E39 ved Hornindalsvatnet.

– Det vart for første gang nytta båt for å få oversikt over skredet. Skredgruppa hadde 20 mannskap i aksjon, opplyser Jon Oddvar Slyngstadli ved informasjonssentralen.

Saka blei først publisert i Sunnmøringen.