– Dette ser supert ut! Det er i stor grad det forslaget vi kom med, så eg synest det inneheld alle elementa det bør, det har også denne fordelingsnøkkelen slik at inntektene blir fordelte mellom stat og kommune, veldig viktig, seier professor Karen Helene Ulltveit-Moe til Dagens Næringsliv.

Utvalet ho leidde foreslo i 2019 ein grunnrenteskatt på havbruk. Deira forslag var utan botnfrådraget som regjeringa har foreslått, som gjer at berre dei største selskapa må betale skatt på den ekstra inntekta dei får av å bruke havressursane i fellesskapet. Dermed blir også skatteinntektene lågare – cirka halvparten av dei 7 milliardane utvalet anslo.

– Prinsipielt sett er det ikkje rett, men eg trur det reint politisk er viktig. Det er ei næring med ganske ulike aktørar, det er nokre kjempegigantar med kraftig lønnsemd, og ein del lokale aktørar med selskap av ein annan natur, seier Ulltveit-Moe.

(©NPK)