Høgre gjorde eit brakval for fire år sidan, og Rune Hovde vart ny ordførar, med støtte frå Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti.

Denne gongen vert det ein marginal tilbakegang for Høgre, ned med 0,5 prosent til 22,3 prosent. Det gjer at Høgre mister ein representant.

Framstegspartiet går tilbake med 4,2 prosent til 14,8 prosent medan Arbeiderpartiet går tilbake med 6,9 prosent til 15,3.

Det gjer Senterpartiet og Stein Aam til den store vinnaren. Partiet går fram med 7,3 prosent til 23,2 prosent.

Både Arbeidarpartiet med Jostein O. Mo og Senterpartiet med Stein Aam har ambisjonar om å hindre attval for Rune Hovde. Ein tredje utfordrar er Kristeleg Folkeparti og Paul Kristian Hovden.

Han kan vise seg å bli meir samlande for borgarleg side enn Rune Hovde, som kom har kom på kanten med Framstegspartiet i saka om plassering av legesenter.

Miljøpartiet De Grønne det godt i sitt første val i Ørsta. Dei får 3,4 prosent, som gir ein representant til kommunestyret.