Tre butikkar på strekninga frå Volda til Vardal hadde natt til torsdag innbrot. Lensmann Guttorm Hagen sa i går at politiet såg sakene i samanheng.

– Vi har etterforska saka og meiner at ein eldre svart Ford Scorpio er brukt i samband med innbrota, seier Hagen til smp.no.

Han seier vidare at politiet jobbar med konkrete spor, utan at nokon er arrestert. Lensmannen vil ikkje gå ut med kor store verdiar som er tatt.

– Vi trur at bilen er brukt til transport mellom stadane. Om nokon har sett bilen på strekninga Volda - Vartdal natt til i går vil vi gjerne ha tips, seier Hagen.

Lensmannen trur ikkje at det er mobile vinningskriminelle som står bak.

– Bilen er lokalisert, men vi er altså ute etter observasjonar som kan seie noko om kven som var i den.

Klokka 02.58 vart ei rute knust ved Naustet Grill i Volda. Klokka 03.12 vart det gjort eit grovt tjuveri frå Ringo i Vikegata i Ørsta, og klokka 03.40 skal det ha skjedd eit innbrot ved MC-Deler AS i Vartdal.