Dei siste fem åra har russ over heile landet samla inn over 100 millionar kroner under den årlege innsamlingsaksjonen Krafttak mot kreft.

– Det var ein smart kollega som i det små begynte å involvere russen i aksjonen, sidan då har det eskalert. No har russen vorte ein av Kreftforeininga sine hovudsamarbeidspartnarar. I fjor var 18. 000 av dei totalt 22. 000 bøsseberarane russ, seier aksjonsleiar i Kreftforeininga Midt-Norge, Petter Spolén.

Rekordmange deltek

Aldri før har Ålesund-russen mobilisert så mange bøsseberarar som i år. Det som kan ha forårsaka den store auka er truleg at Borgund-russen denne gongen er med. I år får dei lov til å tjuvstarte på aksjonen.

Over 60 russ frå Borgund er med på innsamlingsaksjon  som blir halde den 16. og 17. februar - ein månad før sine medruss.

Ta att det tapte

Krefttak mot kreft blir vanlegvis arrangert dei to første vekene i mars, det er på den tida fleire av elevane på Borgund Vidaregåande skule er utplasserte i praksisplassar, både i og utanfor landet.

I fjor sette det ein stoppar for heile kullet, då dei ikkje fekk delta på innsamlinga.

– Vi støtter ei utruleg viktig sak, og vil ha med så mange som mogeleg. Kreft er dessverre noko dei fleste har eit forhold til, seier Tonje Iversen i russestyret ved Borgund Vidaregåande skule.

I fjor samla russen i Midt-Norge inn 5,6 millionar. Borgund-russen vil vere med på å få talet endå høgare denne gongen.

– Sidan skulen ikkje var med på aksjonen i fjor må vi gjere ein ekstra innsats i år, legg ho til.

Forsking og nye tilbod

I år går inntekta til meir forsking.

– Vi ønskjer å betre livskvaliteten til pasientar som lid av ein uhelbredeleg sjukdom. Det er alltid nokon som fell utanfor den gode statistikken. Det er desse som får fokus under årets aksjon. Vi treng meir kunnskap om det å leve med kreft på ein god måte, seier aksjonsleiar Petter Spolén.

Volda og Ulstein på topp

Hittil har 13 skular på Sunnmøre meldt seg på aksjonen, med 14.00 førehandspåmeldte bøsseberarar. I år er også Gjermundnes med for første gong.

Dei to skulane som har gjort det best i distriktet er Ulstein Vidaregåande skule og Volda Vidaregåande skule.

Dei siste fem åra har Ulstein-russen samla inn 750. 000 kroner, medan Volda-russen har fått inn heile 775. 000 kroner.

Ein god tradisjon

– Det har utvikla seg til å bli ein god tradisjon. Kyrkja brukar konfirmantar - vi brukar russ, seier Spolén og ler.

Han oppmodar alle til å ha kontantane klare når russen kjem på dør i vekene framover.

– I gjennomsnitt samlar ein bøsseberar inn omtrent 15.00 kroner. Tenk kor mykje det kan bli om alle står på!

Kvar russ som deltek på aksjonen får ei lita bøsse å henge i russelua si. Foto: Kreftforeningen