Det seier Knut Hole (79), som har starta Hellesylt el-sykkel utleige.

No har han 12 syklar, og har etablert ein base for dei i den gamle brannstasjonen som han leiger på Hellesylt. Knut stakk seg litt ut då han gjekk på gründerkurs nyleg.

Dei andre var langt yngre og utstyrte med nettbrett og datamaskiner. Knut hadde notatblokk.

– Innovasjon Norge sa nei til søknaden min, dei syntest nok eg var for gamal. Men frå det kommunale næringsfondet har eg fått 38.000 kroner i støtte. Det er nok til ein og ein halv sykkel.

I alt har han lagt ned eit par hundre tusen kroner i prosjektet.

Miljø

Knut trur at dette med sporlaus ferdsel og elektriske syklar berre kjem til å breie endå meir om seg.

Det er Peer Gynt Galleriet på Hellesylt som står for sjølve sykkelutleiga. Knut set dei inn for natta, og sørger for at dei blir lada opp.

– Kven er det som leiger syklar?

– Det er turistar av ulike slag. Vi anbefaler turar, til dømes over Flofjellet eller gjennom Norangsdalen til Øye. Treng dei vogn, får dei låne det gratis. Det same gjeld fiskeutstyr.Næringssjef Inge Bjørdal i Stranda er full av lovord om Knut Hole og sykkelutleiga:

– Det er prisverdig at han tek initiativ til å få meir aktivitet på Hellesylt. Det er vi nøydde til å ha, skal vi få turistane til å stoppe her, seier Bjørdal.Han legg til at sjølv om Knut Hole har fått litt offentleg støtte, så har han sjølv lagt inn svært mykje av private midlar.

Buss

Knut Hole var bussjåfør i 50 år. Han køyrde mellom Hellesylt og Ålesund frå han var 21 til han vart 70 år. I tillegg har han drive gard. No har sonen overteke, og Knut er dreng på garden.

– I din alder kunne du ha teke det med ro i ein gyngestol?

– Nei, då hadde eg blitt galen. Det er viktig å halde seg i aktivitet, både fysisk og psykisk, svarer 79-åringen.

18. juni kjem cruiseskipet «Queen Elizabeth» til Hellesylt, og blir liggande ved kai til neste dag. Då håpar Knut på å få leige ut mange syklar til turistar som vil på ein kveldstur på to hjul.

<strong>UTLEIGE:</strong> Knut Hole har starta sykkelutleige på Hellesylt. Den gamle brannstasjonen har han gjort om til sykkelstasjon, der syklane blir lada opp til neste tur. I alt har han kjøpt inn 12 elektriske syklar. FOTO: TERJE ENGÅS