Kva skal til for at det blir ei god helg?

For at akkurat denne helga skal bli bra, så håper eg på fullt hus i Storfjord kulturhus og på Strandadagane. Når eg har frihelg, er ein tur på min Harley Davidson å føretrekkje.

Kva er ditt faste fredagsritual?

Som regel gjer eg klar til konsert på laurdag, eller så er det konsert i kulturhuset på fredagar. Om eg har fri blir det gullrekkja på TV.

Kva er laurdagskos for deg?

Eg jobbar dei fleste laurdagar, så når alt stemmer i kulturhuset, folk møter opp i rett tid, artistane leverer og publikum jublar – det er laurdagskos for meg. Eg likar også å stå på scenen sjølv, eg både syng og spelar i band.

Kvar går favoritt-søndagsturen?

Den går på motorsykkel langs panoramavegen mellom Nordfjordeid og Stryn. Det er ein veldig flott tur. Om vinteren er paviljongen på Roalden eit flott turmål.

Kor lenge søv du i helga?

I helga søv eg gjerne til klokka ni-ti. Det er ikkje så uvanleg at eg søv til klokka ni på kvardagar heller, sidan eg ofte er på jobb til seint på kveld.

Kven vil du helst vere saman med i helga?

I jobbsamanheng både vil og må eg vere saman med artistar og konsertpublikum i kulturhuset. Om eg har frihelg vil eg gjerne vere saman med familie og nære vener, ete god mat og drikke god drikke.

Kva slags mat må du ha i løpet av helga, og kvifor?

Eg er open for alle forslag, og er altetande. Eg likar både å lage mat sjølv, og å få servert god mat av andre. No om hausten står det gjerne krabbe på middagsbordet.

Kva vil du absolutt ikkje bruke helga til?

Eg vil slett ikkje sitje heime og glo inn i fjernsynet.

Kven vil du ønskje god helg?

Den helsinga går til Aud Tomasgard Berstad, som er leiar i komiteen for Strandadagane. Ho gjer ein fantastisk jobb.