Det skriv nett.no.

Striden om teknologien står mellom Aker Biomarine og Rimfrost, men før saka kan takast opp i retten må det avgjerast kva for domstol som skal føre saka. Aker Biomarine meiner Oslo tingrett er rett domstol.

Ueinige om domstol

Borgarting Lagmannsrett kom 12. mars i år til at Søre Sunnmøre Tingrett i Volda er rette domstol.  Rettsaka vart fastsett å starte 20. august i år, og det vart då sett av fem dagar.

Aker Biomarine anka avgjerda i Borgarting Lagmannsrett til Høgsterett, der ankeutvalet kom til at Høgsterett skal behandle anken. Dermed blir det ikkje rettsak i Volda, i alle fall ikkje i denne omgang.

Det var NRK Møre og Romsdal som skreiv om anken først.

Høgsterett vil truleg avgjere plassering av rettsaka i løpet av hausten, noko som gjer at striden om retten til teknologien ombord i Juvel sannsynlegvis først kjem opp i tingretten neste år.

Striden

Striden står om den patenterte krillfabrikken om bord. Røkke fekk hand om trålaren då den var på tvangssal i fjor. Røkke meiner at han også kjøpte krillpatenta. Stig Remøy har svart at desse patenta ikkje er eigd av det konkursramma selskapet Emerald Fishing men av selskapet Rimfrost Technologies. Remøy varsla i fjor rettssak dersom nokon bryt deira patentrettar.

For tida er «Juvel» i havområdet utanfor Uruguay og Argentina, ifølgje nettstaden Marine Traffic. Generelt er det billegare å vere ute i havet enn å ligge ved kai dersom det til dømes blir gjort testar, vedlikehald eller reparasjonar om bord. Krillfelta som det blir tråla i er uansett lenger sør, i Sørishavet.