– Det er stor stas å få prisen, og ei ære og glede å hamne i same kategori som mellom andre Herbjørn Sørebø og Hartvig Kiran, seier Riise og viser til tidlegare vinnarar av Kringkastingsprisen.

Arill Riise tok imot prisen i Ervingen kulturhus i Bergen i dag. Kringkastingsringen har delt ut Kringkastingsprisen kvart år sidan 1978, og utmerkinga er ein av dei eldste medieprisane i Norge. Prisen går til ein person som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn, og som på ein framifrå måte nyttar nynorsk elller dialekt i det daglege arbeidet. Prisen er eit grafisk blad av kunstnaren Per Kleiva.

– Å få Kringkastingsprisen er både inspirerande og forpliktande. No kan eg i alle fall ikkje snakke feil på lufta, seier prisvinnaren.

Normert

Riise tok til å jobbe i NRK i 1983, og fekk då råd frå distriktsredaktøren i NRK Møre og Romsdal om å snakke normert nynorsk, fordi ørstadialekten kunne vere vanskeleg å forstå for folk på nordmøre.

– Eg fekk ein del reaksjonar i starten, på at eg la om. Eg syntest først at det var litt vanskeleg sjølv også. Men den normerte nynorsken har vore god å støtte seg på når eg har flytta rundt omkring, og kanskje spesielt i Oslo, fortel Riise.

Ørstingen har jobba i TV2 sidan 2006, og dei siste seks åra har han vore nyheitsanker i kanalen saman med Mah-Rukh Ali.

Stødig

Juryen meiner at årets prisvinnar er ein tydeleg og stødig nynorskbrukar, med ei medviten haldning til språket sitt. Dei meiner at han får vist fram nynorsken som eit godt språk til formidling av nyhende. Det vert trekt fram av juryen at Riise gjennom heile si karriere som journalist har nytta nynorsk som både arbeidsspråk og privatspråk.

– Eg har aldri fått kjeft for at eg snakkar nynorsk på lufta, slik somme av mine eldre kollegaer har fått. I dag er folk vane til å høyre ulike dialektar og både bokmål og nynorsk i media. Folk finn seg endåtil i å høyre svensk, ler Riise.

Dette er nokre av dei som tidlegare har fått Kringkastingsprisen: NRK Super, Ingunn Solheim, Morten Sandøy, Yasmin Syed, Are Kalvø, Ingvild Bryn, Oddgeir Bruaset, Gunvor Hals, Ingrid Espelid Hovig, Herbjørn Sørebø og Hartvig Kiran.