Området det brann i er i Eltvik på ytre Stadlandet.

– Vi har kontroll på dette no og har god oversikt. Det var eit par hus som var utsett, men vi har kontroll, seier vaktkommandør Helge Lund til Fjordenes Tidende klokka 10.35.

Han fortel at mannskap frå Stadlandet, Selje og Nordfjordeid rykte ut til bråtebrannen, som ei stund var ute av kontroll.

– Mannskap frå Nordfjordeid er permittert. Men vi kjem nok til å ha mannskap på staden ei god stund utover dagen, seier Lund.

Lund understrekar at det er tørt i terrenget og ber folk vere varsame.

Såg dramatisk ut

Ein innbyggjar som Fjordenes Tidende var i kontakt med rundt klokka 10.00 sa at det lenge såg dramatisk ut, men at det då kunne sjå ut som om brannen hadde begynt å roe seg.

– Det ser ut som den held på å slokne av seg sjølv. Den har nådd ein topp der det er mindre lyng. Akkurat no er det så vidt at det ryk, sa vedkomande.

Då Fjordenes Tidende snakka med han hadde Stadlandet brann og redning akkurat kome til staden.

– Det kom ein bil akkurat og no ser eg at det kjem ein tankbil også. Folk frå brannvesenet er på veg oppover for å hjelpe til no. Det såg dramatisk ut ei stund, men no ser det mykje betre ut, sa vedkomande klokka 10.00.

150–250 meter spreiing

110 Vest melde først at det var fare for spreiing til hus, men ifølge politiet stemmer ikkje dette.

– Det er observert 150–250 meter spreiing oppover i fjellet. Brannvesenet er på staden og observerer, men har ikkje begynt sløkkingsarbeidet ennå. Det er litt vind der oppe. Det er lyng som brenn, og ikkje fare for spreiing til bygg, sa operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt til Fjordenes Tidende klokka 10.05.