Ålesund auka folketalet med 346 innbyggjarar i fjor, men dette er medrekna Haram – som gjekk ut ved årsskiftet.

Også dei andre større kommunane på Nordvestlandet auka folketalet.

Volda har bikka 11.000 innbyggjarar og Ørsta nærmar seg det same talet.

Sula og Stad nærmar seg 10.000 – og Herøy og Ulstein er tett på 9000.

Om ein ser vekk frå prosentane var det Hareid som opplevde den nest største auken. Dei vart 163 fleire i fjor.

I indre strok ser derimot ikkje utviklinga like god ut.

Folketalet gjekk ned i både Stranda, Sykkylven og Fjord.

Sjå heile oversikta her:

KommuneFolkevekstFolketal
Ålesund (2020-2023)34667866
Vanylven133026
Sande-42438
Herøy1268968
Ulstein648861
Hareid1635322
Ørsta2910958
Stranda-734348
Sykkylven-137617
Sula849720
Giske-18691
Vestnes967147
Volda13311093
Fjord-22492
Stryn277271
Stad679610

Kjelde: SSB