Ei heving frå 2020 vil kome på toppen av prisauken som allereie er vedtatt for fylkeskommunale ferjer i 2018 og 2019. Auka kostnader med nye ferjeanbod og nye ferjer er grunnen til vedtaket. To takstsoner utgjer rundt 15 kroner for personbil og fire kroner for vaksenbillett. Sjå oversikt over ferjetakstane her (ekstern side).

Det er også foreslått å redusere prisrabatten for dei som nyttar verdikort, frå 50 til 45 prosent. Dette ønskjer fylkesutvalet ikkje. Ei endring av rabattsatsen i tillegg til prisauke på to soner vil få svært store negative konsekvensar for næringslivet, pendlarar og befolkninga elles, meiner politikarane.

Saka skal opp i fylkestinget 18. juni til endeleg vedtak.