Frå og med måndag blir det soner med avgiftsparkering i Hareid sentrum, melder Vikebladet Vestposten.

Det blir parkeringsavgifter i delar av sentrum, inkludert nede ved ferjekaia og hurtigbåtkaia.

– Dei som bur og handlar i Hareid kan framleis parkere gratis, opp til to timar, seier Anders Riise, som både er styreleiar i Hareid parkeringsselskap AS (Hapark), og ordførar i Hareid kommune, til Vikebladet.

Gjer som fleire enn 24.000 andre - lik smp.no på Facebook

Hareid kommune har hatt store utfordringar med parkeringssituasjonen i sentrum, og i fjor vedtok kommunestyret ein ny skiltplan.

Pendlarar kan kjøpe årskort på 5.000 til 7.000 kronar alt etter kor langt dei vil parkere frå hurtigbåtkaia. Elles ligg prisen på 15 kronar time eller 105 dagen, ifølge avisa.

Les fleire nyheiter frå Søre