Pensjonistar og fiskarar og nordsjøarbeidarar på fritørn utgjer kjernen i den arbeidsvillige dugnadsgjengen som innreier det nye klubbhuset på tre etasjar og med eit areal på heile 900 kvadratmeter.
Enorm innsats
Olav «Laffen» Larsen er dugnadssjef.
– Dugnadsinnsatsen er enorm. Folk melder seg frivillig, fortel Kåre Sæter, eldsjel og viktig brikke bak realiseringa av klubbhuset til 17–18 millionar kroner.
Han reknar med at det i løpet av byggjeperioden vert lagt ned dugnadsinnsats tilsvarande minst 3.000 timar, og omrekna i pengar eit par millionar kroner.
Kåre Sæter har ikkje tenkt å gje seg før IL Valder også får bygt ein idrettshall. Først då ser han på idrettsanlegget som komplett. Men han understrekar at idrettshall verken er planlagt eller prosjektert enno. Idrettslaget har hand om eit område på rundt 35 dekar, og vil ha plass til også hall.
Visjon
På spørsmål om nytt klubbhus vil gje betre idrettsresultat, er svaret at føremålet med klubbhuset primært er å skape eit godt miljø og gjere Valderøy til ein betre stad å bu.
– Og så får idrettsresultata kome i andre rekkje. Eg trur dei kjem av at fleire medlemmer vert med lenger og har det kjekt, seier han.
Finansiering
Finansieringa av den nye storstova byggjer på følgjande:
1,5 millionar kroner samla inn frå privatpersonar og bedrifter.
2,1 millionar kroner i tippemidlar.
800.000 i tilskot frå Giske kommune.
5,0 millionar kroner i eigenkapital.
Dugnadsinnsats verdt 2,0 millionar kroner.
Dette gir i sum 11,4 millionar kroner, og gjer at ein må låne rundt seks millionar kroner. Ei slik gjeld trur Kåre Sæter idrettslaget kan leve godt med. Han trur mange vil leige klubbhuset til konferansar og selskap, og at dette vil gje inntekter.
Gunstige tilbod
Ove Nordstrand, innehavar av Dekorbetong som har arbeidet med grunn og betong, legg til at gunstige tilbod frå lokale entreprenørar og kjøp av byggjevarer til engrospris, også er medverkande til at IL Valder kjem så gunstig ut.
– Eg reknar med at idrettslaget klarer å få opp eit bygg som ligg 30 prosent under normalpris. Her er det lokalpatriotismen som slår inn, forklarer han.
Fasade i ett med fjellet
Dei tilsette i Dekorbetong er i desse dagar i gang med å lage ein fasade i betong på ytterveggene, med mønster og farge som går i eitt med fjellet bak.
– Tanken er at klubbhuset skal gli inn i naturen, forklarer Ove Nordstrand og legg til at det er små marginar og mykje finsikting som må til for å treffe fargen.Ove Nordstrand har teikna huset på dugnadsbasis, og har lagt vekt på bruk av mykje glas og betong, for å få eit bygg som krev minimalt vedlikehald.
Første bane før krigen
Kjell Ytterland, ein av pensjonistane i dugnadsgjengen, fortel at den første grusbana i området vart bygt før krigen.
– Arbeidet vart utført med hest, kjerre og handmakt. Ein annan av pensjonistane, Per Valderhaug, er sikker på at dette vert eit kjempeflott klubbhus.
– Når det står ferdig, har eg håp om at vi kan få tilbake det gamle Valder-miljøet, seier han optimistisk.