(Fjordingen:) Gjennomfartsvegen vart totalt rasert i storflaumen 24. juli. Sidan den gong har det pågått eit omfattande arbeid med å byggje opp vegen og sikre både vegen og elva.
Medan dette arbeidet har pågått, har trafikken gått med ledebil på omkøyringsvegen gjennom Hage.
Målsetjinga for Statens vegvesen var å opne fv 60 20. september. Men Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen seier entreprenørane trengte nokre få timar meir for å bli klare.
Bestilte og betalar asfaltering i sjølv
Vegen vert opna med eitt lag asfalt. Så er vegvesenet i full gang med å leggje asfalt over heile Utvikfjellet. Når asfalteringa kjem fram til Utvik, vert det eit lag nummer to også på vegen som er bygd opp, og heilt gjennom Utvik sentrum.
– Korleis har arbeidet gått?
– Det har gått bra – omfattande og hektisk på eit lite område. Vi er ikkje ferdige, og vil halde fram blant anna med å sprengje oss ned i elveløpet i vekene framover, seier Karlsen.