– Vi fekk i år inn 357 tonn med jordbær, mot 386 tonn i fjor. Vi skulle lett ha klart å selje det tredobbelte, seier Harald Valle, dagleg leiar i Valldal Grønt.

Han fortel at i dei beste åra var dei oppe i nærare 900 tonn i Valldal. Så seint som i 2012 tok dei imot 690 tonn.

foto
Jordbær Harald Valle, dagleg leiar i Valldal Grønt AS, treng mykje meir bær.

Men så kom skrekkvinteren 2013, då mesteparten av jordbærplantene fraus i hel.

– Det er fleire årsaker til at det er blitt mindre jordbær. For det første var ein ikkje heilt heldig med plantene som vart kjøpt inn etter frostvinteren. Det er også ein trend at det vert dyrka mindre bær pr. dekar, noko som ikkje minst skuldast at det blir nytta mindre plantevernmiddel no, seier Valle.

Han fortel at tilgangen på bær er kritisk låg for Valldal Grønt, ei bedrift som både sel bæra vidare til oss som kjøper i korg i butikken, og til industrien som treng store mengder til syltetøyproduksjon.

– Dei to siste åra har vi gått med økonomisk overskot, men det er små marginar. Difor treng vi meir bær, seier Valle.

Utvidar jordbærsesongen: Dyrkar Valldal-jordbær i drivhus

Tiltak

Og til å nå det målet må dei ha fleire bærdyrkarar.

– Vi har fått støtte frå Innovasjon Norge og næringsfondet i Norddal til dette. Vi skal drive informasjonsarbeid og rådgjeving for å få fleire på banen. Og då ser vi ikkje berre på Valldal. Åkeren kan godt liggje i Rauma, Ørskog eller Stordal.

– Det er ei problemstilling vi får ta då. Eg synest det bør stå kvar bæra er dyrka. Det kan ikkje vere noko negativt så lenge bæra er god, seier Valle.

I tillegg til jordbær tek Valldal Grønt imot bringebær. I år har det kome inn 40 tonn, mot 47 tonn i fjor.

Bringebær i Nordfjord

Men dette blir berre småtteri målt mot kva dei tek imot ved Innvik Fruktlager i Stryn.

– Vi har så langt fått inn 470 tonn med bringebær. Det er ikkje heilt slutt enno, så eg trur det endar på om lag same mengde som i fjor, nemleg 480 tonn, seier dagleg leiar Henriette Hatling.

Derimot tek dei imot lite jordbær, berre 9,5 tonn i år.

– Vi kunne godt ha teke imot mykje meir jordbær. I staden blir det mindre for kvart år.

No ventar Hatling på plommene. Det ser ut til å bli eit godt år.

Les kvifor: Valldal-jorbæra er ekstra søte i år