– Eg er spent. Det har vore ein lang valkamp og mykje å stå i med, seier Arnulf Goksøyr, Høgre-ordførar i Herøy gjennom tolv år - og klar for fire nye år om veljarane vil.

Han meiner spenningsnivået er høgare i år enn for fire år sidan.

–Tolv år gir ein viss slitasje, der ein skuffar nokre og gleder andre. Ein klarer ikkje å levere alt det folk ventar, og det er logisk at det blir meir slitasje enn viss ein ikkje regjerer, seier Goksøyr.

Les også: Arbeidarpartiet med knallval i Herøy

Les også: Uavhengig valliste slår Tverrpolitisk liste i Herøy

Stolt

Goksøyr er uansett stolt over alt det kommunen har fått til desse åra.

– Vi har levert både på skule og helse, men det folk merkar mest til er jo dei to store prosjekta, seier Goksøyr og siktar til badelandet og hotell/konserthus.

Verkeleg veksttid

Det har skjedd mykje i Herøy dei siste åra, som også blir lagt merke til utanfor kommunegrensene:

– Eg tur at denne perioden vil stå igjen i historia som ei verkeleg veksttid for Herøy, der vi tok vare på mulegheitene, seier Goksøyr som har mange idear for fire nye år også.

Men han legg til:

– Vi kan ikkje rekne med slike digre prosjekt no framover. Vi må ha respekt for at næringslivet er i ein fase der dei møter ein krevjande marknad.

Verkar mange vil ha skifte

Også på valvaken til Arbeidarpartiet er det spenning:

– Dette er umåteleg spennande. Det er det ikkje tvil om, seier Svein Gjelseth, ordførarkandidat for Ap.

Han har sjølv vore ordførar i Herøy i to bolkar tidlegare, i til saman ti år. No er han klar igjen, om veljarane vil:

– Utfrå stemning på standar vi har hatt i valkampen, verkar det for at mange gjerne vil ha eit skifte. Men stand er stand og val er val, konstaterer Gjelseth som i sine førre periodar har hatt støtte frå ulike parti.

I seks år var det KrF som støtta, medan Venstre var støtteparti dei fire siste åra.