– Lærarar frå heile Sunnmøre, og frå resten av fylket, reiser til Molde tysdag. Der skal vi gå i streiketog og det blir appellar på torget, seier leiar Sirikit Kari Vågen i Utdanningsforbundet i Volda til smp.no.

Måndag er det skulestart i Møre og Romsdal. Samtidig er det ingen teikn til ei løysing på lærarstreiken. Her i fylket 262 medlemmar i Utdanningsforbundet tekne ut i streik. Desse arbeider i Molde og Fræna kommunar.

– Men vi som ikkje er tekne ut, er også i konflikt. Dei som streikar gjere ein kjempejobb, og vi reiser til Molde for å støtte dei. Utdanningsforbundet er stort, og det er vanleg med gradvise opptrappingar når vi streikar, seier Vågen.

Neste opptrapping av lærarstreiken skjer torsdag 21. august. Då går 2.200 nye lærarar ut i streik. Heller ikkje denne gongen blir medlemmar på Sunnmøre tekne ut.

– Uklart mandat

Søndag sa forhandlingsleiaren til kommuneorganisasjonen KS, Per Kristian Sundnes, at han meinte forhandlingmandatet til Utdanningsforbundet var uklart.

– Om Sundnes synest noko er uklart, er døra mi opa, svarer leiar Ragnhild Lied i Utdanningsforbundet. Ho meiner forbundet har god oversikt over kva ein ny arbeidsavtale må innehalde for at den skal vere akseptabel for medlemmane.

Konflikten dreier seg i hovudsak om arbeidstida til lærarane.

Streikeleiar held appell

Då smp.no snakka med Sirikit Kari Vågen søndag, budde ho seg på å ta imot 10.-klassingane sine i morgon.

– Eg gler meg til å sjå dei igjen. Kvar og ein!

Kolbjørg Ødegaard held appell under streikemøtet i Molde tysdag. Ho er tidlegare fylkesleiar i Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal. No er ho konfliktleiar i forbundet, og er med i forhandlingane med KS.

– Vi synest det er veldig flott at ho tek seg tid til å kome opp og vere med på møtet, seier Vågen.

– For elevane

Ho meiner streiken først og fremst handlar om kva som er det beste for elevane.

– Vi vil gjere ein best mogleg jobb for elevane, og dette er ein streik for at lærerane skal ha rammevilkår for å gjere ein god jobb for elevane våre

– Kor lenge trur du konflikten vil vare?

– Det er umogleg å seie. Men streikeviljen er stor. Og basert på dei eg snakkar med, opplever eg også at støtten til streiken er stor her i området.

– Trur du støtten blir mindre om lærarar på Sunnmøre blir tekne ut?

– Nei. Eg trur folk forstår at dette er til det beste for elevane. Vi ønsker at lærarane skal ha arbeidstida si i elevane sitt skuleår, seier Vågen.

Lærarane sin tur til Molde får ikkje konsekvensar for skuledagen til elevane, får smp.no opplyst.