- Kva er di hjartesak?- Eg er svært oppteken av at alle skal ha eit arbeid, at vi skal ha ein offentlig fellesskule der alle borna går, og at helsetilbodet ikkje skal verte privat.

- Kva gjorde at du engasjerte deg politisk?- Eg ønska å vera med å forandre og forbetre bygda mi og landet mitt. Eg likar ikkje at det er store klasseskilnader i samfunnet, og difor er eg for fordelingspolitikk, og at vi skaper arbeidsplassar der det er godt å jobbe. Då må vi halde oppe klare køyrereglar i arbeidslivet.

- Kor lenge har du vore i politikken?- Eg vart med som 16-åring i AUF, og sidan melde eg meg inn i Arbeidarpartiet. Der var eg i kommunepolitikken i tre periodar, to av dei var eg varaordførar.

- Korleis nyttar du sosiale medier i valkampen?- Det vert mest Facebook, men eg er også på Twitter.

- Fortel litt om den beste sommaren du har hatt.- Det er vanskeleg å velje, dei fleste somrane er supre. Men i fjor hadde mannen min og eg ein flott tur til Italia. Vi starta i Venezia og køyrde kabriolet over alle fjellpassa vi fann i Nord- Italia. Til slutt enda vi opp i Roma. Vi brukte 16 dagar på turen, og stoppa nokre dagar på plassar der vi likte oss. Vi gjekk mange flotte fjellturar, og fekk mykje god mat og god drikke.

- Kva med den verste sommaren?- Det var utvilsamt 2011. Eg starta og slutta ferien 22. juli. Det vart ein sommar med sakn og gråt, men også samhald.