- Heia, heia, heia, roper barn og tilsette på sidelinja, medan ivrige syklistar tråkkar til så fort tjukke utedressar og vintersko tillèt. Lyden av ringlande kubjøller og hurrarop fyller lufta.

Snøforholda er ikkje dei beste på Hoffland, men til gjengjeld kunne ikkje idrettsgleda vore større enn i Ellingsøy barnehage. Sidan det kvite dekket førebels har late vente på seg, går det i meir sommarlege aktivitetar, som sykkelløp, balansering og risposekasting. Åtte postar totalt skal barna innom.

- Nokre av barna veit kva OL er. Dei har sett det på tv og syns det er kjempestas. Medan andre ikkje er så veldig opptatt av det, fortel Turid Stette. Pedagogisk leiar gler seg over det store engasjementet til barna. Dei bruker å markere VM og OL med sine eigne lokale meisterskap frå tid til anna.

For å få den rette ramma, har dei skaffa både startnummer til alle deltakarane og mål-/startbanner, laga medaljar og OL-ringar, samt feira bragdene med festmåltidet pølser i brød og saft. Og her er det ingen som treng å surmule. Alle verte tekne ut til å delta, ingen vert diska for oppførselen sin og absolutt alle får medalje.

Du kan lese meir om Hoffland-OL i papirutgåva sv Sunnmørsposten torsdag 13. februar.