Diskusjonen har gått friskt på Facebook etter Sunnmørsposten publiserte saka «Årre heite – nå blir det varmt igjen».

Spørsmålet som går igjen om det velkjende kraftuttrykket er: kva betyr det eigentleg?

Gammal forbanning

Etter ei ringerunde til fleire språkforskarar sit Sunnmørsposten med svaret.

– Herrens heite død, fortel professor emeritus Oddvar Nes i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen.

Den pensjonerte professoren kjenner derimot ikkje til den djupare forklaringa til kraftuttrykket.

– Eg er ikkje teolog, så eg kjenner ikkje bakgrunnen. Men det er altså ei forvansking av denne eida, seier han.

Halvemål

Nes er sjølv frå Volda. Ifølgje han bruker dei både «hårre» og «årre» der.

– Det at ein seier årre har med halvemål å gjere, seier professor Terje Aarset ved Høgskulen i Volda.

Halvemål er eit lingvistisk fenomen der ein utelet lyden «h» framfor enkelte ord og legg det til framfor andre ord. I Norge er det mest kjent frå Sunnmøre.

Ein heit stad

«Årre heite de» er eit typisk sunnmørsuttrykk i forfina utgåve.

– Eidane forandrar seg kolossalt. Dei utviklar seg i alle retningar. Faen er jo ei forfining av fan og eigentleg var det jo om fienden, seier Nes.

Språkguru og den tidlegare direktøren i Norsk Språkråd Sylfest Lomheim synest ikkje uttrykket er så veldig kraftfullt.

– Når vi snakkar om «heite» er ein jo på veg til ein viss plass. Det er eit adjektiv som har med helvete å gjere, ei forfining av ein heit stad. Det er ikkje så stygt, seier professoren som blant anna har fordjupa seg i bannskap.

Sunnmørsk banning

Målmann Terje Kjøde frå Ørsta meiner uttrykket passar godt inn i den tradisjonelle banninga på Sunnmøre.

– Mesteparten av banninga vår har religiøs bakgrunn. Det er mykje Gud og Satan, og mykje himmel og helvete Det varierer frå land til land. I USA bruker dei jo nesten berre «fuck». I Nord-Norge går det jo også mykje i kjønn, som hæstkuk, seier Kjøde.

Nes trur banninga på Sunnmøre er ganske like resten av landet. Aarset trur derimot at det religiøse har hatt mykje å seie.

– Mykje av bannskapen her tek not utgangspunkt i det religiøse, seier Aarset.

Prestebanning

Terje Aarset saknar forsking om banning på Nordvestlandet.

– Det har aldri vore skrive om bannskap på Sunnmøre, men det burde vere gjort. Eit av dei beste eksempla har vi frå Anders Hovden, fortel Aarset.

Diktarhovdingen og presten frå Hovdebygda publiserte i 1893 si første forteljing Laak Lagnad under pseudonymet Karl Koll. I alt skreiv han elleve forteljingar om dagleglivet til fiskarbøndene på Vestlandet.

– Han trakk jo tilbake den historia. Den hadde mykje flott bannskap i seg, seier Aarset.

Professor Sylfest Lomheim ved Universitetet i Agder. Foto: Erlend Aas / SCANPIX .
Professor emeritius i nordisk språtvitskap Oddvar Nes ved Universitetet i Bergen. Foto: Elisabeth Solvang
Professor i norsk språk Terje Aarset ved Høgskulen i Volda. Foto: Knut Arne Aarset
Målmann Terje Kjøde frå Ørsta. Foto: Privat