– Det har vore fortvilande, tidkrevjande og tungvint å skulle drive gard, utan å ha mobildekning, seier Trond Åge Dyrkorn.

– Det har også vore ulykker og redningsaksjonar her i området. Og då har mobildekning vore eit stort sakn, legg han til.

Heldigvis fekk dei naudnett i bygda for nokre år sidan.

Dyrkorn er nabo til hotellet Villa Norangdal, som heller ikkje har hatt det lett utan mobildekning. Men her er det for tida inga drift.

Kjell Arne Dyrkorn, Einar Arve Nordang, Leif Arne Fivelstad og Trond Åge Dyrkorn er storfornøgde med endeleg å ha fått mobildekning. Foto: Terje Engås

Kaffi og kake

Men no er ein lang og tidkrevjande kamp over, og dette vart tysdag feira med kaffi og kake som to frå Telenor hadde med seg: regiondirektør Ørjan Hammersland og kunderådgjevar Christian Ekelund.

Det er altså Telenor sine kundar som har fått full dekning i Nibbedalen, inngangsporten til Norangsdalen.

Nesten alle dei ti husstandane som no har fått mobildekning var til stades på markeringa. Det var også fleire av dei som har kjempa for saka, slike som eks-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) og næringssjef Inge Bjørdal. Noverande ordførar Einar Arve Nordang (H) var også der.

Men kvifor har det teke så lang tid?

Lang kø

Ørjan Hammersland i Telenor seier at det er mange som ønsker seg betre dekning, og at Telenor må prioritere hardt og tenke kommersielt. For dei skal tene pengar. Men her i dalen vart det til slutt ein realitet der Telenor, grunneigarar og kommunen gjekk saman om prosjektet.

Telenor har investert om lag ein million kroner.

– Det handlar sjølvsagt om at det er få som bur her, og difor ikkje har nådd opp i kampen før no, legg Jan Ove Tryggestad.

Han seier det er tre viktige faktorar som må til for å oppretthalde busetnaden ute i distrikta: straum, fiber og telefon.

Christian Ekelund og Ørjan Hammersland frå Telenor kom med førjulsgåve til Nibbedalen. Foto: Terje Engås

Ikkje gje seg

– I dette tilfellet her ser vi at ein ikkje må gje seg, men ha tolmod og stå på vidare. Då går det til slutt, seier Tryggestad – og smakar på kaka som Telenor har teke med seg.

Ordførar Einar Arve Nordang peikar også på kor viktig mobildekninga er for dei som køyrer gjennom Norangsdalen, som er ei forlenging av Nibbedalen:

– Det er store mengder med turistar som ferdast her. Skrekkscenarioet har vore at det skal skje ei bussulykke i Norangsdalen, og at då må køyre ei mil omtrent for å få ringt etter hjelp. No har så å seie heile vegstrekninga fått mobildekning, seier Nordang.

Nasjonal turistveg

– Ja, mobildekninga er kjempeviktig no som vi også arbeider for at vegen gjennom Norangsdalen skal få status som Nasjonal turistveg, legg Inge Bjørdal til.

– Det har vore både oppturar og nedturar opp gjennom åra, summerer Trond Åge Dyrkorn opp.

– Men i dag er det reine julaftan, legg han til – og forsyner seg av kaka.