Prisane på straum, drivstoff og matvarer trekkjer tolvmånadersveksten vidare ned frå november, opplyser SSB.

Auken på 5,9 prosent er den høgaste tolvmånadersveksten målt i desember sidan 1987, då han låg på 7,3 prosent.

Ser ein på endringane over tolv månader var det fast brensel, kaffi, te og kakao og matoljer og feitt som hadde størst auke, med høvesvis 34,4, 25,4 og 21,7 prosent.

KPI justert for avgiftsendringar og energivarer, KPI-JAE (også kalla underliggjande inflasjon), steig med 5,8 prosent frå desember 2021 til desember 2022, opp frå 5,7 prosent i november.

Frå desember 2021 til desember 2022 steig prisane på mat og drikke med 11,5 prosent. Det er ein liten nedgang frå tolvmånadersendringa på 12,7 prosent i november.

– Grunnen til det er at vi såg ein uvanleg svak prisreduksjon i desember 2021 enn det som har vore vanleg dei førre åra. Det gjer at vi får ein liten nedgang i tolvmånadersveksten i desember 2022, seier Espen Kristiansen.

Trass i tilbod og reduserte prisar den siste månaden, er prisane på mat- og drikkevarer mykje høgare enn for eitt år sidan.

– Prisane på mat og alkoholfrie drikkevarer held fram med å vere det som bidreg mest til at tolvmånadersendringa i KPI held seg på eit høgt nivå, seier Kristiansen.

Ved publiseringa av desember-tala for KPI lagar SSB også tal for årsveksten i KPI. Årsveksten i KPI i 2022 enda på 5,8 prosent. Dette skil seg altså frå tolvmånadersveksten i desember, som måler desember 2021 mot desember 2022.