Politikontakt Åse Romuld ved Måløy politistasjon seier at dei tek meldinga på alvor, og at Politiets nettpatrulje Vest er kopla på saka.

Ein skule i området har blitt kontakta av politiet og blitt oppmoda om å gå ut med informasjon til alle føresette ved skulen.

Melding frå skulen

I meldinga som gjekk ut frå skulen stod det at Politiets nettpatrulje Vest var blitt kontakta av ein forelder til ein elev før påske der det er oppdaga at det er delt ein film med seksualiserande innhald. Gjennom meldinga frå skulen råda politiet føresette å snakke med barna sine om å ikkje dele video med seksualiserande innhald, og slette videoen om den var blitt lagra.

– Lokalt politi har i denne saka fått fagleg bistand frå Politiets nettpatrulje som er politiet sin faginnsats på dette feltet, seier Åse Romuld.

Leiinga ved skulen seier til Fjordenes Tidende at det er første gong dei opplever ei slik sak, og at dei følger råda frå politiet.

– Sjølv om vi ikkje har erfaring med dette frå før, kan vi ikkje utelate at dette ikkje har eksistert tidlegare. Dette er vanskeleg, og eg forstår også at dette kan vere vanskeleg å snakke om, seier skuleleiaren.

Deling får konsekvensar

Politioverbetjent Rune Fimreite er fagleiar i Politiets nettpatrulje Vest, og seier at medverking til spreiing av innhald som er av krenkande eller openbart av privat karakter er straffbart.

Politioverbetjent Rune Fimreite er fagleiar i Politiets nettpatrulje Vest. Foto: Politiet

– Når ein deler denne typen videoar og bilde av andre som er i ein sårbar situasjon gjer ein at handlinga blir gjenteken endå ein gong. Det er ikkje lenger berre dei som har tatt bildet eller filma videoen som gjer noko straffbart, men også dei som deler dette vidare bryt lova, seier Rune Fimreite.

Dei som blir tekne for å dele bilde og videoar av krenkande art vil kunne få eit oppgjer med politiet, også dei som er under den kriminelle lågalderen på 15 år.

– Vi vil i dei tilfella gjennomføre ei samtale med vedkomande saman med føresette. Politiet vil også kunne ta inn det som delinga har gått ut frå, som oftast mobiltelefonen.

Fimreite legg til at Politiets nettpatrulje kan kontaktast via chat på Messenger eller Instagram, om ein ønsker kontakt med dei.