Det nasjonale mottakssenteret i Råde har hatt nær sprengt kapasitet den siste tida. No trengst det fleire mottaksplassar. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK

Den siste tida har talet på flyktningar frå Ukraina til Noreg skote i vêret.

Seks veker på rad har det komme over 1.000 ukrainarar i veka, og ein må tilbake til dei første vekene til krigen for å finne like høge nivå.

Tysdag kokka 12 har regjeringa kalla inn til pressekonferanse om busetjing og asylmottaksplassar for flyktningar frå Ukraina.

Temaet har oppteke utlendingsstyresmaktene den siste tida, og regjeringa har jobba med tiltak for å handtere den nye situasjonen, etter det NTB kjenner til.

Til stades på pressekonferansen er justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) og arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap).

Treng fleire asylmottak

Allereie for to veker sidan varsla UDI om eit stort behov for fleire asylmottaksplassar. Berre i oktober vil mottakskapasiteten bli auka med 2000–3000 plassar.

– Det betyr at det er mange lokalsamfunn rundt om i landet som på kort varsel vil oppleve at dei blir vertskap for eit mottak for flyktningar og asylsøkjarar, sa direktør i Utlendingsdirektoratet (UDI) Frode Forfang på ei orientering om situasjonen 11. oktober.

UDI er allereie i gang med å etablere nye akuttinnkvarteringar og har utsett planane om å leggje ned enkelte eksisterande innkvarteringar.

I tillegg har kommunane vorte varsla om at det kan bli ytterlegare behov for auke i talet på plassar dersom trykket held fram.

Sprengd kapasitet

Det store talet innkomstar har allereie ført til nær sprengd kapasitet på det nasjonale mottakssenteret i Råde. Det er her dei fleste ukrainske flyktningane kjem først.

Deretter blir dei innkvarterte på mottak, før dei blir busette i ein kommune.

Sidan det no kjem så mange, rekk ein ikkje å busetje raskt nok, og det trengst fleire asylmottaksplassar.

– Dei siste seks–sju vekene har det vore cirka 400 fleire som kjem inn per veke, enn det som går ut av mottakssystemet, opplyste Forfang.

Noreg har vorte eit slags favorittland for ukrainarar i Norden. Den siste tida har Noreg åleine teke imot 60 prosent av innkomstane til dei nordiske landa, ifølgje UDI. Slik var det ikkje i starten av Ukraina-krigen.

Nye anslag for neste år

I forkant av pressekonferansen tysdag har det også vorte jobba med nye anslag for kor mange ukrainarar som vil komme neste år.

– Det er grunn til å tru at busetjingsbehovet neste år også kjem til å vere høgt, fortalde direktør Libe Rieber-Mohn i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi) tidlegare i månaden.

Førebelse anslag frå Nasjonalt utval for mottak og busetjing går ut på at det er behov for 35.000 busetjingsplassar neste år.

Det er varsla oppdaterte prognosar på dette i oktober.

2. november kjem det ei endeleg avgjerd i utvalet om kor mange busetjingsplassar ein skal be kommunane om neste år.

Har busett over 50.000

Totalt har 65.000 personar frå Ukraina søkt om asyl i Noreg etter at krigen braut ut. 51.000 har så langt vorte busett.

– Vi har busett omtrent like mange som det bor i Tønsberg kommune, sa Rieber-Mohn.

Éin prosent av befolkninga i Noreg er no ukrainarar.

(©NPK)