Psykologspesialist og førsteamanuensis Joar Halvorsen likar ikkje utviklinga.

– Resultat frå kliniske studiar tydar på at pasientar som blir plasserte på venteliste har mindre betring enn dei som ikkje får tilbod om behandling, seier han til NRK Nyhete r.

Det er ikkje forska direkte på dei som ventar på psykiatrisk hjelp i det offentlege, men Halvorsen trur forskinga i vitskaplege studiar kanskje kan overførast til det å stå på venteliste i Noreg.

– Eg trur det kan ha noko med å gjere at dei rett og slett har ei forventing om at ein står og ventar på behandling, så dei ikkje får det noko betre. Dei blir passive, meiner han.

Han snakkar om det motsette av placeboeffekt, noceboeffekt. Medan placebo er ein positiv form for forventing som kan føre til ei oppleving av betring, er nocebo at eit negativt utgangspunkt forverrar symptoma.

Samstundes trur han at dei som får beskjed om at dei ikkje får behandling, kanskje gjer meir sjølve for å få det betre. Det finst til dømes sjølvhjelpsprogram som har vist seg å fungere bra.

Norske styresmakter har sett ei øvre grense for kor lang tid folk med psykisk sjukdom skal måtte vente på å få hjelp i spesialisthelsetenesta.

For barn og unge er det 35 dagar, medan det for vaksne er innan 40 dagar. Ingen av dei fire helseregionane har klart å innfri dette hittil i 2022. Alle har i snitt fått lengre ventelister frå i fjor til i år.

(©NPK)