I år kjem dei med ei takløysing som skal redusere støy. Også dette er filt laga i Mongolia.

– Vi fekk god respons på veggplatene. Men det er ikkje alle som kan ha dette på veggene, så vi grubla ei lang stund kvar for oss, før vi kom fram til denne løysinga, seier ålesundaren Birgitte Linde Røsvik, og peikar mot taket.

«Vi» er forresten ho og Mats Herding Solberg. Ho bur i Ålesund – han i Oslo.

Men tilbake til taket: Der heng der filtmatter på nokre vaierar, matter som skal dempe støy – anten det er i kantiner, på kontor eller i andre rom der ein arbeider.

– Vi sel stadig meir. Allereie i januar i år nådde vi det halve av fjorårsomsetninga, så dette går rette vegen, smiler Mats Herding Solberg på standen under møbelmessa i Stockholm.