Fylkesmannen har nok ein gong sett ned foten for helikopter til Svinøya. Men verken 62 grader Nord eller Kystverket vil gi seg utan kamp.
Svinøy fyr kan i praksis berre nåast med helikopter. I perioden 1970 til 2005 flaug Kystverket hit annankvar tirsdag i samband med vaktskifte i tillegg til at dei hadde flygingar med proviant, ved vedlikehald og så vidare. No nektar Fylkesmannen flygingar til øya for nokre få grupper turistar. Dermed vert det uinteressant for 62 grader Nord å halde fram med leigeavtalen, og Kystverket greier ikkje å vedlikehalde bygningane sjølve. Desse kulturhistoriske bygningane kan no bli rivne. Arkivfoto: Gunnar Wiik