Full sprik om Stad skipstunnel

foto
Hurtigruten meiner skipa deira i stor grad handterer forholda forbi Stadhavet. Reiarlaget peiker på at skipa i dag ventar med å segle den vêrharde strekninga fem til sju gonger årleg grunna dårleg vêr. Dei trur også det opne havstrekket vil vere ei større oppleving for deira reisande, enn verdas først skipstunnel, og konkluderer med at Hurtigruten ikkje vil bruke Stad skipstunnel. Illustrasjon: Snøhetta/Kystverket