– Vi har fått mange gode tilbakemeldingar frå kundar på andre ferjestrekningar. Til og med lastebilsjåførar tek seg ein grov bolle, seier konseptansvarleg i Fjord1, Jan Harald Arnesen.

"Ferdamat"

Etter ei brukarundersøking ferjeselskapet utførte i 2011, kom det fram at 70 prosent av kundane ynskja ny mat på ferjene. Dermed sette dei ned både ei arbeidsgruppe av tilsette og ei brukargruppe blant kundane. Resultatet blei "Ferdamat".

– Det nye mattilbodet består blant anna av frukt, salatar, grove müslibollar og ciabatta, seier Arnesen. – Vi har òg fått ein ny pølsemeny, med blant anna ein ny variant som heiter "ferdapølse". Eit sunt alternativ som berre er tilgjengeleg for våre reisande.

Følg smp.no på Facebook

Svela består

Men dei har ikkje skifta ut heile menyen. Svela vil framleis vere å få kjøpt på strekninga.

– Svela aukar i popularitet. Vi reknar med å nå målet om 1 million selde sveler ved slutter av året, seier Arnesen.

Les også: B-ruta ute på Festøya-Solavågen

Mogleg utviding neste år

På somme ferjestrekningar inngår middag i det nye mattilbodet. Dette er foreløpig ikkje mogleg mellom Festøya og Solavågen.

– Då må vi i tilfelle bygge ut kiosken. Men viss det viser seg å vere grunnlag for utviding av tilbodet, så kan det skje neste år. Då vil det vere rom for både sushi og thaimat, seier Arnesen. – Men dette skal vi vurdere utover hausten.

Kva syns du om det nye mattilbodet på ferja? Ta debatten i kommentarfeltet under.

Svela står framleis på ferjemenyen, trass det sunne fokuset. Foto: Anita G. Digernes