– Dei to på sykkelen er sendt til Førde sentralsjukehus, seier operasjonsleiar Odd Arve Solvåg i Sogn og Fjordane politidistrikt.

To menn, 21 og 24 år, er tilsynelatande lettare skadd, opplyser Førde sentralsjukehus.

Ulykka skjedde ved Stavenestunnelen mellom Stryn og Loen. Motorsykkelen trefte bilen i sida før han stoppa i autovernet, skriv Fjordingen.

– Det er ikkje veldig alvorleg, men skadeomfanget er ukjend, sa operasjonsleiar Odd Arve Solvåg i Sogn og Fjordane politidistrikt til Smp.no.

Ambulanse og brann rykka ut. Kollisjonen vart meldt klokka 18.52.