Styret ved Høgskulen i Volda (HVO) drøfta torsdag struktursaka i lys av korleis debatten har utvikla seg gjennom vinteren.
- Vi står fast på vedtaket frå oktober der vi har gått inn for ein sterk høgskule på Nordvestlandet, opplyser rektor Per Halse ved Høgskulen i Volda.
Smp.no snakka med han klokka 17.45. Då var møtet akkurat ferdig. Halse er klar på at dei vil halde fram arbeidet med ei regional løysing, aleine eller med andre.
Høgskulestyret i Volda skriv i vedtaket sitt frå oktober at dei har merka seg at alle avdelingane, fagforeiningane og Studenttinget i Volda primært ynskjer at Høgskulen i Volda held fram som sjølvstendig institusjon.
- Dersom styresmaktene meiner at vi må inn i ei større eining, ser styret det mest tenleg med ein fusjon av høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, stod det i vedtaket frå oktober.
Sogn og Fjordane
- I tråd med vedtaket frå oktober vil vi gjerne samarbeide med fagmiljøa i Sogn og Fjordane om dei framtidige lærarutdanningane mellom Bergen og Trondheim. Vi understrekar at vi er særleg opptekne av å halde oppe ei kvalitativ god lærarutdanning i tilknyting til sterke nynorskmiljø, heiter det i det nye vedtaket.
Ser mot Lillehammer
Men rektor Halse og styret opnar samstundes for eit nytt alternativ.
- Styret kom fram til at vi også vil sjå på Høgskolen i Lillehammer som ein nær samarbeidspart framover, seier Halse.
- Det er ikkje eit alternativ til dei regionale løysingane, men at Lillehammer kan bli med i eit samarbeid med oss på Nordvestlandet, held han fram.
Han meiner at høgskulen i Lillehammer er noko lik institusjonen i Volda.
- Det er ein skule som har mykje av det same som Volda med tanke på fagportefølje og distriktsprofil, seier Halse.
Høgskulen i Volda vil uansett samanslåing eller ei prioritere yrkesretta medieutdanning, nynorsk i utdanning, forsking og formidling og fleksibel vidareutdanning.
I det nye vedtaket står det at HVO gjerne diskuterer konkrete løysingar både med Kunnskapsdepartementet og med aktuelle samarbeidspartar.