Fyret ligg høgt og fritt, med utsikt ut mot havet. Men fyrmeisterhuset på Hendanes fyr står til forfalls.Dersom nokon vil overta huset og gjere noko med det, kan Kystverket vere villeg til å vere med på eit spleiselag, skriv Fjordenes Tidende.

Først og fremst er Kystverket interessert i at lokale krefter tar over, og at fyret blir tilgjengeleg for publikum.

Nybygg?

Restaurering av det 99 år gamle huset er ikkje einaste mulegheit.

- Vi er opne for innspel, anten det gjeld restaurering, nybygg på den gamle grunnmuren eller andre forslag, seier Geir Skaret i Kystverket til Fjordenes Tidende.

Alternativet er å rive fyrmeisterhuset og flytte fyrlykta. Fyret er ikkje freda.

Her kan du sjå fleire bilde av Hendanes fyr

Hendanes fyr vart oppretta i 1914, og avfolka og automatisert i 1963. Det ligg åtte kilometer frå Måløy og sørover via Holvik og Vågsvåg til Færestrand. Derifrå ein kilometers gange på mura, smal veg.

Kystverket har stengt vegen til fyret med bom fordi delar av vegen har rasa ut. Foto: Ragnar Myre