I år har Sunnmørsposten sju sommarvikarar som skriv nyheiter, ein som skriv om sport, ein fotograf og ein grafisk designar som hjelper til med produksjon av papiravisa.

Her er litt om kvar av dei:

Idun Aalbu Rasmussen (27), nyheitsjournalist:

Idun kjem frå Oppdal, oppvaksen på gard. Ho har bachelor i journalistikk frå Minnesota. Ho har jobba for lokal-TV i USA, i NRK Finnmark og fram til i fjor sommar to år i NRK Møre og Romsdal. Siste året har ho farta rundt i verda. Idun er ein allroundjournalist som trivst godt både foran og bak kamera.

Marie Izabella Hansen (22), nyheitsjournalist:

Marie er frå Ålesund og er ferdig med andre året bachelor samanliknande politikk ved Universitet i Bergen. Ho har også studert økonomi og leiing ved NTNU i Ålesund. Ho har vore politisk engasjert i Høgre, vore leiar både i Ålesund Unge Høgre, Møre og Romsdal Unge Høgre og vara til kommunestyret i Ålesund i denne perioden fram til ho ba om fritak. Journalistisk bakgrunn har ho som nyheitsjournalist i Studvest.

Sondre Voksøy Bringsvor (21), nyheitsjournalist:

Sondre kjem frå Sandsøya. Han er no ferdig utdanna journalist med spesialisering i TV og radio frå Høgskulen i Volda. Han hadde praksisperioden sin på sporten i Sunnmørsposten. Han var sommarvikar i Vikebladet Vestposten i 2021 og sommarvikar i NRK Møre og Romsdal i 2022.

Henriette Hurlen (22), nyheitsjournalist:

Henriette kjem frå Ålesund. Ho var sommarvikar i Sunnmørsposten også i fjor. Ho er no ferdig med andre året bachelor journalistikk ved Universitetet i Bergen. Sidan nyttår har ho vore i praksis i 16 veker, først i Bergens Tidende si avdeling "Nye digitale formater" og etterpå i nyheitsavdelinga i NRK Vestland. I tillegg er ho jamnleg programleiar i "Krenkelseskanalen" som er ein del av Studentradioen i Bergen.

Julie Killingberg (29), nyheitsjournalist:

Julie frå Oppdal er sommarvikar i Sunnmørsposten for tredje år i strekk. Ho er no ferdig utdanna journalist frå Høgskulen i Volda. I vinter har ho hatt praksisperiode i Dag og Tid. Frå før har ho studert internasjonal politikk, pedagogikk og har toårig kunstfagskule frå Ålesund. I tillegg til eit halvt års klatreutdanning ved Nordnorsk klatreskole.

Børge Drevik (24), nyheitsjournalist:

Børge var sommarvikar i Sunnmørsposten i fjor og har blitt verande sidan. Først som vikar på nyheiter og i vår på sporten, før han i sommar er tilbake som nyheitsjournalist. Han har bachelor Medier og kommunikasjon ved Universitetet i Bergen. Tok før det årsstudium i Idrett og kroppsøving ved Høgskulen i Volda. Han har også fem år som sommarvikar for Ålesund Kirkeråd i bagasjen.

Knut M. Tjørstad (32), nyheitsjournalist:

Knut frå Halsa på Nordmøre kom som praktikant frå Nynorsk Avissenter i vinter og har gått vidare rett inn i vikariat i redaksjonen. Han har master i statsvitenskap frå NTNU og har også studert litteraturvitenskap.

Aleksander Svendsen (23), sportsjournalist:

Aleksander frå Ålesund er sommarvikar på sporten for femte året på rad. Han er allereie inne på huset med ansvar for Lokalfotballen og utviklinga vidare av robotjournalistikken.

Marius Simensen (31), fotograf:

Marius frå Ålesund er fast fotofrilanser for Sunnmørsposten og har no sommarvikariat i redaksjonen for sjette år på rad.

Adrian Reksten Ringdal (25), grafikar:

Adrian frå Sula er fast vikar i avisproduksjonen og har sitt tredje sommarvikariat i Sunnmørsposten. Har bachelor i Media, IKT og Design frå Høgskulen i Volda og er no ferdig med tre år studier på Medie- og Interaksjonsdesign ved Universitetet i Bergen. Han blir værande som vikar i papiravisa ut oktober.