To unge menn må møte i Møre og Romsdal tingrett tiltalt for ran på kjøpesenteret på Moa ein kveld i januar.

Ifølgje tiltalen skal dei to ha truga til seg både eit par Nike joggesko, ein Moncler boblevest og ei Gucci-veske frå ein yngre tenåring.

Dette skal dei ha gjort ved å trekke fram ein kniv som dei heldt framfor seg, samtidig med at gjenstandane blei tatt frå tenåringen.

Den eine av ungdommane som er tiltalt må også svare for å ha bore kniv på offentleg stad.

Møre og Romsdal tingrett har sett av to dagar i desember til behandling av saka.