Nesten ni av ti legar ved St. Olavs hospital i Trondheim meiner pasienttryggleiken er trua på grunn av problema med journalsystemet, skriv NRK.

Kjerkol varsla førre veke at ho kom til å møte leiinga for å finne ei løysing. Ho er langt frå fornøgd med innføringa av Helseplattformen.

– Eg er bekymra for situasjonen knytt til innføringa av Helseplattformen, særleg ved St. Olavs hospital. Slik situasjonen er no, blir ikkje dei samla ressursane i regionen brukt godt nok i arbeidet med Helseplattformen. Det er uheldig og har uønskte konsekvensar for helseføretak og kommunar i Midt-Noreg, seier ho til rikskringkastaren.

No er det bestemt at Helse Midt-Noreg skal greie ut og vurdere ei samling av ressursane i Helseplattformen AS og Helse Midt-Noregs heileigde IKT-tenesteleverandør, Hemit HF, for å styrkje kapasitet og kompetanse.

Journalsystemet har enno ikkje vorte innført i andre sjukehus i regionen på grunn av dei store problema ved St. Olav.

Det blir likevel ikkje aktuelt å skrote Helseplattformen.

– Det å få på plass eit alternativt system vil ta mange år og koste milliardar av kroner. Det er milliardar av kroner som eg ikkje har tilgjengeleg, og ikkje er villig til å ta frå pasientane. Risiko knytt til pasienttryggleik ville også vore høg dersom det vart sett i gang nye innkjøpsprosessar no.

Stig Slørdahl, administrerende direktør i Helse Midt-Norge RHF, meiner det er viktig at Helseplattformen blir innført i Helse Møre og Romsdal før innflytting i nytt sykehus, skriv Dagens Medisin.

Helseplattforma er ei felles digital plattform for heile helsetenesta i Helse Midt-Norge. Målet då ho vart innført i november i fjor ved St. Olavs hospital i Trondheim, var betre informasjonsflyt og auka pasienttryggleik.