– Det skal ikkje vere lommeboka som avgjer om du har råd til å kjøpe jordbær, brokkoli og eple i sommar, det er faktisk eit samfunnsansvar, seier Venstreleiar Guri Melby i ei pressemelding.

Venstre viser til at dei nye kosthaldsråda er veldig tydelege på at nordmenn må få i seg meir frukt og grønt.

– Vi veit at folk ønskjer å ta sunne val, og vi veit at folk har fått med seg at det å ete meir grønt er heilt avgjerande for om vi faktisk klarer å nå klimamåla. Mykje talar mot at vi klarer det, men vi må kvart fall sørgje for at folk flest har høvet til å vere ein del av klimadugnaden, seier Melby.

MDG ønskte også redusert moms på frukt og grønt i år. Regjeringa droppa det i revidert nasjonalbudsjett, med tilvising til at det ville bli for dyrt, og at dei i staden prioriterte auka velferdsytingar.

Venstre meiner ein nullmoms også gjer det litt enklare for forbrukarane å støtte norsk landbruk ved å velje kortreist og sunt.

– Det må bli lettare for bøndene å produsere grønt, og vi må anerkjenne at bonden er ein av dei viktigaste medspelarane våre for å nå klimamåla, seier næringspolitisk talsperson i Venstre Alfred Bjørlo.

(©NPK)