Det er snakk om eit nytt hjernefunn i mus.

Og det blir presentert i eit av dei aller mest anerkjende tidsskrifta i deira bransje, nemleg Nature.

– Det er så fantastisk og viktig. Ikkje berre for senteret vårt, men for alle som er involverte. Då veit vi at det er superkvalitet, og det er det som er varemerket vårt, seier May-Britt Moser til NRK.

– Følgjer bestemt mønster

Herøy-kvinna vann i 2014 Nobelprisen i fysiologi/medisin saman med eksmannen Edvard (frå Hareid) og John O’Keefe.

Men dei har ikkje slutta å imponere etter det heller.

Dei gjer stadig nye funn som får merksemd.

– Vi har funne eit veldig morosamt fenomen. Det er at cellene som er aktive i eit bestemt område av hjernen følgjer eit bestemt mønster. Dette mønsteret går om igjen og om igjen og om igjen, seier May-Britt Moser til NRK.

May-Britt og Edvard Moser då dei vann Nobelprisen i 2014. Foto: Henrik Henrik Montgomery/NTB