Det melder Sogn og Fjordane poltiidistrikt.

Les også: Ørstabåt i havari i Nordsjøen

"Penelope" fekk onsdag føremiddag problem i Nordsjøen, om lag 80 nautiske mil vest for Florø. Båten var på veg til Shetland og hadde fem personar om bord. Blant dei var to frå Sogn og Fjordane og to frå Møre og Romsdal. Alle fem var oppskaka, men i god form, etter hendinga.

Følg smp.no på Facebook

Ifølgje avisa Møre har kaptein og eigar av "Penelope", Håvard B. Lindberg, budd i båten ved hamna i Ørsta siste åra. No har han mista både heim og båt.

– Det er ikkje noko å gjere med det. Eg er mest glad for at det gjekk bra med oss om bord, seier han til Møre.