- Det vert ein del vind og mykje nedbør dei nærmaste dagane, og det vil auke faren for skred, seier meteorolog Jørgen Grønneberg ved Vêrvarslinga for Vestlandet til smp.no laurdag ettermiddag.

På grunn av endring i vindretninga vil nedbøren kome inn i fjordstrøka på Nordvestlandet.

Utover sundagen vil snøgrensa krype nedover frå 700 meter over havet til 4-500 meter. Måndag vil snøen leggje seg heilt ned mot 2-400 meter over havet, før det vert betre vêr igjen mot helga.

Løsnar i bratt terreng

Det vil kome våte snøskred i terreng som er særs bratt på Vestlandet og langs kystfjella i Nordland og Sør-Troms, åtvarar snøskredvarslinga ved NVE.

Det er venta mange naturleg utløyste snøskred som følgje av at regn kjem på snøen. Desse er ofte små og løsnar i svært bratt terreng, opplyser varslingsleiaren.

Opp til nivå 3 i nordvest

Iflølgje nettstaden Varsom.no vil skredfaren på Sunnmøre og i Nordfjord auke frå 2 til 3 sundag og måndag.

Faren vert med nivå 3 betydeleg, noko som betyr at ein må unngå leområde kor det samlar seg fersk fokksnø, typisk bak ryggar, i søkk og renner. Der fokksnølaget er tynt eller mjukt er det lettast å trigge eit skred.