Line- og garnbåten M/S Fjellmøy frå Måløy og skipper Stig Jarle Ervik måtte ta fartøyet M/S Langsund under slep i den sterke vinden natt til måndag.

Langsund hadde mista motorkrafta og var berre ei par-tre kabellengder frå land då Måløy-fartøyet fekk slept fartøyet i sikkerheit i 23.30-tida sundag kveld.

Fartøyet hadde mist motorkrafta, og var på veg mot land ved Kobbeskjæret nord for Orta då uhellet skjedde.

Høyrde dei trengte hjelp

Det var sterk vind over Hustadvika og sørover i leia då M/S Langsund fekk problem.

- Vi var på veg med sei frå Haltenbanken då vi høyrde over kanal 16 at Langsund trengte hjelp, fortel skippar Stig Jarle Ervik til smp.no.

Då var det på veg ein liten redningsbåt, og fartøyet Havtind og fleire båtar var i området.

Det var dårleg vêr, og Havtind mislyktes med å få slepeline ombord i den motorlause Langsund.

Dreiv raskt mot skjæra

- Kor nær land var fartøyet?

- Dei låg då ca ei halv nautisk mil unna land, og dreiv med ganske stor fart mot skjæra. Vi fekk heldigvis line om bord på første forsøk og slepte han sørover i lag med redningsskøyta. Då vi slepte han i 01-tida, hadde han fått att motorkrafta, forel Ervik.

Det var fire mann om bord i Rostein-farøyet som fekk problem.

- Det var ganske dramatisk, for dei dreiv ganske fort i den sterke vinden, og det var for djupt til å ankre. Det hadde ikkje gått mange minutta før dei hadde treft skjæra nord for Orta, seier skipper Ervik.

Til havn i Måløy

Fartøyet Havtind låg elles klar hvis Fjellmøy hadde mislykkast.

Det blas vestlig liten til full storm då Langsund fekk motorhavari. Fartøyet ligg måndag føremiddag i Måløy.

Dette kartet fra 23.30 sundag kveld viser posisjonen like nordvest for Orta, då M/S Langsund fekk vanskar. Foto: Marinetraffic.com