Årets utgåve av Ungdommens Kulturmønstring (UKM) i Herøy gjekk av stabelen laurdag kveld.

Nærare fem timar med underhaldning på scena - der song, musikk, dans og film var mellom innslaga - skulle fordøyast av publikum.

I pausene frå sceneinnslaga kunne dei frammøtte oppleve bildekunst signert kreativ Herøy-ungdom.

Kunstverka og fleire av innslaga på scena heldt høg kvalitet, og det måtte vere ei svært vanskeleg oppgåve for juryen å plukke ut bidrag til fylkesfinalen.

Ei som var for ung til å kunne konkurrere om å kome dit er 12 år gamle Sara Nærø. Hennar sterke og modne vokalframføring av ”Because of you” gjorde sterkt inntrykk på publikum.

Svenn Joar Frøystad (15) sitt pianospel på Mozart-stykket ”Fantasie” var imponerande, og utan tvil mellom publikumsvinnarane. Formidlinga til Linda Mari Sarucca Ulvan (17) på Lady Gaga-låten ”Speechless” blei også lagt merke til.

Ørsta-suksess

Også fleie andre stader arrangerte Ungdommens kulturmønstring denne helga. Der var innslaga fleire og betre enn på lenge

Publikum fekk sjå 20 ulike sceneframsyningar, og kunne sjå kunst frå 10 ulike kunstnarar på kunstutstillinga på sundag. Om publikum blei imponert av kunstnarspirene i Aasen si heimbygd, så var dei ikkje dei einaste. Dommarane i UKM Ørsta var særs nøgd med dagens prestasjonar.

Tek scena med storm

- Dei som har opptredd i dag har vist gode tekniske ferdigheitar, kreativitet og talent. Samstundes har dei gått ut på scena og tatt full kontroll. Det er tøft å opptre for eit så stort publikum, så det at dei som opptredd har vert trygge på scena er flott, seier Sigrid Nupen og meddommar Sigmund Gjengedal seier seg eining.

Stor forbetring

Men det er ikkje berre på scena kvaliteten og nivået var høgt i Ørsta, også på kunstutstillinga av dommarane imponert over verka som vart presentert.

- Dei verka som er stilt ut her er det høgt nivå på , seier Ma Liadal Ortiz, som er dommar for kunstuttillinga saman med Mariann Westbø.

Ortiz har vert dommar før og ser skilnad frå føre gang.

- Sjølve utforminga, presentasjon, det tekniske og kreativiteten - dei som deltek i år har vert veldig flink, seier Ortiz

Her kan du sjå bileta frå Ungdommens kulturmønstring fleire stadar på Sunnmøre