– Vi har sett på tala, og det næraste vi kjem ein trend, er at det er ein klar auke i beslaget av dopingmidlar, seier fungerande avdelingssjef Åge Skår ved Tollregion Vest-Norge.

Regionen omfattar Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Tollvesenet har førebels ikkje fylkesvise tall tilgjengelege.

Dobling

Torsdag vart tala for tollbeslaga på Vestlandet i første halvår offentleggjorde.

– Kva type dopingmidlar er det snakk om?

– Stort sett er det kroppsbyggarstoff som anabole steroider og testosteron-sprøyter, seier Skår.

Flyplassar

Svært mykje av stoffet som blir avslørt i Vest-Norge blir teke ved flyplassane, ifølge han.

– Vi tek mykje på dei to store lufthamnene i regionen. Men i Møre og Romsdal er det heile tre lufthhamner med internasjonal trafikk, så der også må vi passe på. Men vi kontrollerer også hamnene. I Bergen og Stavanger er det ferjeanløp frå Danmark, så der legg vi ned ein innsats. I tillegg har vi fartøykontrollar.

– Kjem ikkje mykje stoff til Vestlandet via Oslo-området?

– Det gjer det nok. Men vi veit at mykje kjem direkte til Vestlandet også, så det er viktig å legge ned ein innsats.

Narkotika

Tollvesenet legg dei store ressursane i å avsløre narkotikasmugling og organisert kriminalitet.

– Men her er det ikkje så godt grunnlag for å kalle det ein trend. Det er gjerne slik at desse tala blir veldig påverka av store enkeltbeslag, og dei kan variere frå halvår til halvår, seier Skår.

14.216 objekt vart kontrollerte i vår tollregion i første halvår, mot 13.846 i 2013. Talet på forenkla forelegg (1.809) og politimeldingar (333), er om lag på same nivå som i fjor.

I tabellen under kan du sjå kor mykje som er beslagslagt i Tollregion Vest-Norge i Første halvår i 2013 og 2014:

Narkotikapr. 30.06.13pr. 30.06.14
Antall beslagBeslaglagt mengdeAntall beslag
Cannabis59286 gram60
Heroin00 gram0
Amfetamin1119 gram9
Kokain610 gram6
Narkotiske tabletter466.973 stk.49
Khat10213 kilo20
GHB/GBL25,25 liter0
Ecstacy9465 stk.3
Nye Syntetiske Narkotika2274 gram9
Doping
Antall beslagBeslaglagt mengdeAntall beslag
Dopingmidler352.436 enheter49
Alkohol
Antall beslagBeslaglagt mengdeAntall beslag
Brennevin715940 liter723
Sprit(brennevin over 60%)57 liter6
Vin145465 liter106
Øl871.311 liter117
Tobakksvarer
Antall beslagBeslaglagt mengdeAntall beslag
Sigaretter1.084402.053 stk.1061
Røyketobakk og snus354307 kilo228
Andre varer
Antall beslagBeslaglagt mengdeAntall beslag
Kjøttvarer431.017 kilo42
Valuta241.263.326 kr.29
Verdi av ordinære varer11219.736 kr.12
CITES-varer22 stk.1
Våpen
Antall beslagBeslaglagt mengdeAntall beslag
Skytevåpen00 stk.4
Andre våpen/voldsprodukter1128 stk.25
Reaksjoner
AntallAntall
Antall kontrollerte13.846 objekter14.216 objekter
Forenklede forelegg1.814 stk.1.809 stk.
Anmeldelser313 stk.333 stk.