Ved Fylkesveg 60 i området ved Ringdal i Hellesylt sperrer to vogntog vegen, melder Sunnmøre politidistrikt på Twitter i 13.10-tida.

Politiet vart send til staden og kranbil vart tinga.

Det er bedt om strøing på staden, ifølgje politiet.

- Vi har fått ei melding om at eit utanlandsk vogntog står fast mellom Hellesylt og Støverstein på Fylkesveg 60, seier Svein Grytdal ved Vegtrafikksentralen til smp.no.

Vegsentralen fekk meldinga om hendinga klokka 12.40.

Grytdal melder at trafikken elles på Nordvestlandet går greit, onsdag ettermiddag.

Litt over klokka 14 melde Sunnmøre politidistrikt at det gjekk an å passere på staden.

Har du tips eller bilete i saka? Tips oss på 95 400 400 eller 95400400@smp.no!

Sjekk føret: Vegmeldingar for Møre og RomsdalSjekk føret: Vegmeldingar for Sogn og Fjordane

Tips smp.no på 95 400 400 eller på 95400400@smp.no!