– Eg var vel ferdig å lese e-posten rundt klokka 14.15 i ettermiddag. Om den hadde kome 45 minutt seinare, hadde det vore for seint. Då var døra låst og eg hadde gått for dagen, seier dagleg leiar Helge Rødseth i Herøyterminalen AS til smp.no måndag kveld.

Selskapet Refa Group AS, som eig hurtigruteterminalen ved Torvik i Herøy, har vore i forhandlingar med Hurtigruten ASA og Herøy kommune om den vidare drifta av terminalen.

Hurtigruten har ikkje vore villige til å akseptere ein avtale som inkluderte berre passasjertrafikk, og ikkje gods, i Torvik.

Held fram drifta inntil vidare

Sist tysdag skreiv lokalavisa Vestlandsnytt at Hurtigruten ASA har tilbode Refa Group høgare betaling for drift av terminalen, men at forhandlingane ikkje hadde ført fram.

– Men det unngår vi no. Refa kom med eit tilbod om å drive terminalen fram til vi har ein ny avtale. Denne har ikkje blitt akseptert enno, men vi har kome fram til at vi vil halde fram drifta i natt likevel, seier Rødseth.

Nesten krise

– I morgon tidleg skal vi ha eit møte og gå gjennom avtalen med mellom andre fagforeininga, held han fram.

– Kva hadde skjedd om e-posten ikkje hadde kome i ettermiddag?

– Då hadde det ikkje vore nokon på kaia for å ta imot Hurtigruta, og ho kunne dermed ikkje lagt til.

– Men det unngår de no?

– Ja, no har vi fått til eit mellombels opplegg, seier Rødseth.