Det seier Magnus Ruud (29), som er ein av kunstnarane som har fått utfalde seg på murvegger i sentrum av Volda i helga. Ruud er animasjonsstudent og har teikna og måla store deler av livet sitt.

– Eg har fått mange bøter opp gjennom, for ulovleg gatekunst, så det er ekstra kjekt å faktisk få lov til å gjere dette, seier 29-åringen.

Gjer som fleire enn 27.000 andre - lik smp.no på Facebook

For alle

– Vi ønskjer å gjere kunst meir tilgjengeleg for folk. Ofte er det knytt ein viss snobbefaktor til kunstomgrepet, men vi vil vise at det ikkje treng vere slik – kunst er for alle. Samtidig har vi eit ønskje om å skape litt meir liv i sentrumsgatene, fortel Margaret Kwarteng og Oda By.

Dei to studerer PR, kommunikasjon og media på Høgskulen i Volda, og er blant dei som står bak Urban Art Projects Volda. For å sparke i gang prosjektet, vart det arrangert ein kunstfestival i Volda denne helga. Rundt 20 kunstnarar frå Norge og utlandet tok turen til bygda for å vise sine kunstprosjekt.

Street art: Torill Hasfjord Bjørneset, Tina Bjørneset og Olav Bjørneset Breivik synest gatekunsten til Øyvind Renberg gjer seg godt på veggen bak Westre bakeri i Volda sentrum.

Street art-kunstnar Øyvind Renberg med base i Berlin, dekorerte ein stor vegg på baksida av Westre-bakeri med eit motiv i ulike blåtonar.

– Kjempetøft, rett og slett, synest tilfeldig forbipasserande Tina Bjørneset. Mor hennar, Torill Hasfjord Bjørneset, synest også gatekunsten er flott.

– Alt som bidreg til at det er kjekt å vere i sentrum er bra. Vi vil veldig gjerne ha meir aktivitet i Volda-gatene, seier ho.

Utstillingar

I tillegg til gatekunsten var det også kunstutstillingar i Norsk Animasjonssentrum, i Sunnmøre Kulturnæringshage, og hos Bokmannen. Lene Karlsvik Brosché, Robert Steinnes, Kasia Kwiatkowska, Mark Huber og Rajeh Al Rajeh var blant utstillarane.

Planen for Urban Art Projects er å halde fram med små og store arrangement gjennom året, og i åra framover.

– Prosjektet vil vere tilgjengeleg for folk som ønskjer å vise fram det dei driv med, forklarer Kwarteng og By.

Les fleire nyheiter her

<strong>Engasjerte:</strong> Margaret Kwarteng og Oda By i Urban Art Projects Volda. På veggen bak ser vi kunst av Lene Karlsvik Brosché.